Stryn kommune

Fagkonsulent landbruk - årsvikariat frå 1.september 2017

Stryn kommune har ledig eit vikariat i 100% stilling som fagkonsulent landbruk.  Stillinga er plassert på rådmannsavdelinga, i seksjon plan og næring.  Plan- og næringsseksjonen har eit tverrfageleg miljø med ansvar for overordna samfunns- og arealplanlegging, næringsutvikling, landbruksforvaltning og miljø- og ressursforvaltning. Arbeidsstaden er i dag lokalisert i sentraladministrasjonen i Stryn kommune. Seksjonen jobbar tett saman med avdeling for byggesak, avdeling for kommunalteknikk og kart- og oppmålingsavdelinga.

 

Arbeidsoppgåver:

Du vil primært få ansvar for forvaltning og sakshandsaming knytt til jordbruk og skogbruk i tillegg til aktuelle utviklingsoppgåver. Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast kompetansen til den som vert tilsett.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Landbruksfagleg utdanning.

  • gjerne praksis frå offentleg forvaltning. 

     

Dine viktigaste personlege eigenskaper er evne til dialog og samarbeid, at du er initiativrik og kunne arbeide sjølvstendig. I tillegg ynskjer vi at du er sørvisinstilt, har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Du bør også ha generelt god IT- kunnskap. Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.

 

Vi tilbyr:

  • jobb ei eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer i kommunen. 

  • stor bredde og variasjon i arbeidsoppgåver

  • eit godt arbeidsmiljø

  • Løn etter avtale basert på kvalifikasjonar og erfaring.  God pensjonsordning i KLP

  

 

Om du ønskjer å reservere deg for offentleggjering i søkjarlista, jrf Offentleglova, må du ta kontakt med servicekontoret på tlf. 57 87 47 00

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast per post (vil ikkje bli returnert)

 


 

Del på:
Referansenr:
2017001641
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.08.2017
Tiltreding:
01.09.2017
Kontaktpersonar:
Ellen Bodil Kirkeeide
tlf: +47 57874721
Tilbake til toppen