Stryn kommune Helse og sosialetaten

Ergoterapeut 100% vikariat

Det er ledig 100% vikariat for ergoterapeut ved fysio- og ergoterapiavdelinga i perioden 13.11.17 - 05.08.18 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Rehabilitering (funksjonstrening og ADL –trening) i høve ulike pasientgrupper i heimen og på institusjon.

  • Delta på den organiserte rehabiliteringsgruppa for slag- og afasiramma.

  • Formidle hjelpemiddel, inkl. kartleggje behov / tilrettelegge.

  • Gje råd om planlegging, utforming og tilrettelegging av omgjevnader som bustad, arbeidsplass, skule m.m.

  • Førebyggjande helsearbeid

  • Delta i tverrfagleg samarbeid, ansvarsgrupper og arbeid med individuell plan.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisert ergoterapeut

  • Det vert lagt vekt på relevant arbeidserfaring og personlege føresetnader

  • Stillinga er organisert saman med kommunefysioterapitenesta

  • Søkjar må disponere bil

 

Stryn kommune kan tilby:

  •  Faglege utfordringar i eit hyggeleg arbeidsmiljø

  • Tilsetting skjer etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement

  • Løn etter tariff

 

For stillinga gjeld:

  • Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato

 

 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

Om du ønskjer å reservere deg for offentleggjering i søkjarlista, jrf Offentleglova, må du ta kontakt med servicekontoret 57 87 47 00

 

 

Del på:
Referansenr:
2017001949
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.09.2017
Tiltreding:
13.11.2017
Arbeidsstad:
Fysio- og ergoterapiavdelinga
Kontaktpersonar:
Elisabeth Scheen Bøe
tlf: 57 87 69 31
Tilbake til toppen