Stryn kommune

Ledig fastlegeheimel Stryn kommune

Vi søkjer etter engasjert fastlege til ledig heimel med listetak på 900 pasientar. Det er behov for legekompetanse i andre allmennlegeoppgåver i kommunale deltidsstillingar. P.t. er aktuelle områder skulelege- og samfunnsmedisinske oppgåver.

Stryn kommune har 10 fastlegeheimlar og 1 turnuslege.

Legetenesta er samla på Stryn helsesenter som nettopp har flytta inn i flotte, nybygde lokale. Kontoret er godt utstyrt og er bemanna med dyktig hjelpepersonale. Her er gode økonomiske vilkår med «nullavtale» ved at kommunen står ansvarleg for drift av legesenteret og eig utstyret. Du som lege arbeider som sjølvstendig næringsdrivande utan utgifter til drift og med inntekter basert på takster i normaltariffen.

Legetenesta nyttar fagprogrammet Infodoc . Digitale løysingar er etablert for  meldingsutveksling med spesialisthelsetenesta og med pleie/omsorgstenestene.

Det er lite vaktbelastning for legane ved Stryn legekontor, men det finns gode moglegheiter for vaktauke om dette er ønskjeleg. Måndag til fredag er det organisert daglegevakt ved legekontoret kl. 08.00-16.00. Utanom kontortid deltek legane i Nordfjord legevakt. Denne er lokalisert til sjukehuset på Nordfjordeid, og med Eid kommune som vertskommune. Interkommunal legevakt omfattar 5 kommunar med ca 23 200 innbyggjarar og ca 23-delt vakt. Det er tilstadevakt med  gode fastlønsvilkår. Legevakta er bemanna med kompetente sjukepleiarar.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

Du må ha:

  • Norsk autorisasjon som lege og gjennomført turnusteneste

  • God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg

  • Vere spesialist i allmennmedisin eller avtale om å starte på spesialisering

Du må vere:

  • Fagleg engasjert og klar til å involvere deg i arbeidsplassen din

  • God på kommunikasjon og samarbeid

  • Fleksibel, strukturert og ansvarsbevisst

 

Vi kan tilby:

  • Triveleg miljø og nybygde lokale frå våren 2017

  • Faglege utfordringar

  • Basistilskotet dekker leige av lokale, utstyr og hjelpepersonale.

  • Administrativ leiar ved legekontoret som syte føre all logistikk og koordinering av ressursar ved kontoret

  • Løn og vilkår slik det går fram av gjeldande lov- og avtaleverk

  • Hjelp til å skaffe bustad

  • Hjelp med kontaktar m.o.t. arbeid for partner

 

Mykje flott natur og opplevingar i nærområdet og i regionen. Sjå bl.a. www.nordfjord.no for å sjå kva kommunen har å by på.

  

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

Del på:

Referansenr:

2018001569

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.01.2019

Arbeidsstad:

Stryn Helsesenter

Kontaktpersonar:

Alexander Rande

tlf: 57876940

Adresse:

Tonningsgata 4 6783 Stryn