Stryn kommune

Avdelingsleiar fysio- og ergoterapiavdelinga

Vi har ledig 100% stilling som avdelingsleiar ved fysio- og ergoterapiavdelinga frå 01.06.19.

 

Avdelinga er samansett av 2,2 årsverk fysioterapeut, 1 årsverk ergoterapeut samt 0,2 stilling vernepleier til drift av gruppetrening. I tillegg er Frisklivssentralen med 0,4 årsverk frisklivskoordinator knytt til avdelinga. Avdelingsleiar har kurativ verksemd i tillegg til avdelingsleiarrolla. Ca. 20% av stillinga er tenkt nytta til leiaroppgåver, fordelt utover arbeidsveka. Avdelinga er lokalisert ved Stryn omsorgssenter.

 

Ansvars og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet og kvalitetsutvikling i avdelinga
  • Ansvar for drift av avdelinga
    • Dagleg personaloppfølging, ikkje øvste personalansvarleg
    • Begrensa økonomiansvar
    • Ansvar for plan- og rapporteringsarbeid som vedkjem avdelinga
  • Generell kurativ verksemd
    • Arbeid med tekniske hjelpemiddel
  • Deltakar i koordinerande eining

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

 Vi krev:

  • Autorisasjon som fysioterapeut
  • Erfaring frå fagfeltet

     

Det er ein fordel dersom du har:

  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring
  • Erfaring med implementering og bruk av velferdsteknologi
  • Erfaring med arbeid innan koordinerande eining og bruk av SamPro (fagprogram individull plan)
    • Erfaring i høve arbeid med barn 

Vi leitar etter deg som:

  • brenn for fagområde og er faglig oppdatert
  • er oppteken av førebygging
  • er på leit etter gode løysingar for å legge til rette for meistring
  • har evne til nytenking, omstilling og som trives med utfordringar
  • er positiv til endring og pådrivar for å møte krav til utvikling
  • likar å samarbeide med andre og har eit tverrfagleg fokus
  • har stor arbeidskapasitet
  • har god datakompetanse

     

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

 

Du må ha førarkort og disponere bil.

 

Vi tilbyr:

  • Gode arbeidstilhøve i nye lokalar
  • Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
  • Spennande, mangfaldige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar

  

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover, tariffavtale og reglement
  • Den som vert tilsett må legge fram helse- og politiattest av ny dato

 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

Del på:

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.01.2019

Tiltreding:

01.06.2019

Arbeidsstad:

Fysio- og ergoterapiavdelinga

Adresse:

Tonningsgata 4 6783 Stryn