Stryn kommune

Miljøterapeut 100% st i heimetenesta psykisk helse og rus

Det er ledig 100% nyoppretta stilling i heimetenesta psykisk helse og rus. Stillinga er turnus utan helg.

 

Arbeidsområde:

50% av stillinga er som ruskonsulent med dagarbeid. Resterande av stillinga er turnusarbeid i heimetenesta psykisk helse

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging i høve meistring , aktivitet / arbeid, økonomisk rådgjeving, bustad, helse, fysisk aktivitet
  • Arbeid med individuell plan
  • Koordinering av teneste og tiltak
  • Aktiv samhandling med andre kommunale teneste og spesialisthelsetenesta

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning, helst med relevant røynsle frå fagfeltet
  • God evne til kommunikasjon og samhandling med andre
  • Løysingsfokusert
  • Sjølvstendig og fleksibel

Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere bil

 

Vi kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Utfordrande arbeid
  • Tenester i utvikling
  • Kompetansetiltak
  • God pensjonsordning

  

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover, tariffavtale og reglement
  • Lønn etter tariff
  • Den som vert tilsett må legge fram helse- og politiattest av ny dato

 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

Del på:

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

24.01.2019

Tiltreding:

01.02.2019

Arbeidsstad:

Heimetenesta psykisk helse og rus

Adresse:

Tonningsgata 4 6783 Stryn