Stryn kommune

Servicemedarbeidar

Arbeidsområde:

Avdeling for Service og kommunikasjon.  Servicemedarbeidar i 80% stilling.

Avdelinga som har 9 tilsette fordelt på 7 årsverk, held til i Tonningsgat 4 og har mellom anna ansvar for: 

  • Publikumstenester/sentralbord, postmottak, arkiv, sentral scanning,  politisk sekretariat, interne IT-tenester , drift av heimeside og intranett.
     

 Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Ansvar for sentralbord, publikumsmottak, generell informasjon samt rettleiing om kommunen sine tenester. Andre arbeidsområder der du er ein del av eit team
  • Politiske møte, innkalling og tilrettelegging, handtering av utgåande post, oppfølging av kommunen sine digitale tenester slik at dei er oppdaterte

Kommunen sine tenester er i stadig utvikling og arbeidsoppgåvene kan endre seg.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Relevant utdanning og praksis retta mot fagområdet.

  • Nøyaktig, effektiv og ansvarsbevisst. Du må vere interessert i å gje rettleiing og yte service på ein positiv måte. Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og trivast i team.


  • Stryn kommune brukar skyteneste for sentralbordet. Du vil få ansvar for administrasjon av sentralbordløysinga. Vi ser etter ein person med interesse for å utnytte sentralbordløysinga slik at vi  leverer dei beste sentralbordtenestene for brukarane. Du må ha relevant datakunnskap for arbeidsområdet.

 

Vi kan tilby:

  • Ein sjølvstendig jobb i eit hektisk miljø

  • Eit hyggelig arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. 

  • Fleksitidsordning og god pensjonsordning.  

     

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover, tariffavtale og reglement

  • Lønn etter avtale

     

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

Del på:

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Søknadsfrist:

31.01.2019

Tiltreding:

01.04.2019

Kontaktpersonar:

Anna Bringsvor Egedahl

tlf: 57874700

mob: 47758777

Adresse:

Tonningsgata 4 6783 Stryn