Stryn kommune

Feiar / praksiskandidat

Arbeidsområde:

100% fast stilling som feiar vil vere knytt til avd. for Brann, feiing og redning.  Stillinga vil inngå i feiarteamet som har ansvar for både brannsyn av pipe og ilstad og feiing av piper i heile kommunen. 

Primært vert det søkt etter utdanna feiar med fagbrev.  Dersom det ikkje melder seg fagutdanna feiar vil Stryn kommune vurdere å tilsetje ein vaksen person som forplikter seg til å ta fagbrev som feiar, såkalla praksiskandidat.  Praksistida vil bli fastsett ut frå utdanning og relevant praksis.  Teoretisk og praktisk utdanning vil bli gjennomført på Brannskulen. Opplæringa skal vere i medhald av § 7-4 i «forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesenet».  Kvinner vert oppmoda om å søkje stillinga.

Etter endt fagutdanning må vedkomande rekne med 2 års bindingtid.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Primært krav om fagutdanning som feiar, men søkjarar utan formell utdanning vil og bli vurdert som ynskjer å ta fagbrev som feiar (praksiskandidat).  Det vil vere ein føremun med anna relevant fagutdanning i botnen til dømes byggfag.

  • Personen som vert tilsett må like å arbeide med folk, ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar og vere motivert for å ta fagutdanning.  Gode datakunnskapar er viktig i jobben.

    Den som vert tilsett må vere høgdesterk, glad i fysisk arbeid og tåle støv.  Feiing føregår hovudsakleg i sommarhalvåret, mens tilsyn blir utført i vinterhalvåret. Utarbeiding av tilsynsrapport, og oppfølging av desse.

  • Sertifikat kl.B

 

 

 

Vi kan tilby:

  • Variert og spenande arbeid i eit positivt miljø

  • God pensjonsordning

  • Hjelpsam med bustad

  

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover, tariffavtale og reglement

  • Lønn etter tariff

  • Den som vert tilsett må legge fram helseattest av ny dato

 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

Del på:

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.01.2019

Tiltreding:

01.03.2019

Kontaktpersonar:

John Jatgeir Vinsrygg

mob: +47 91721629

Adresse:

Tonningsgata 4 6783 Stryn