Stryn kommune

Ledig fastlegeheimel Stryn legekontor

Vi søkjer etter engasjert fastlege til ledig heimel med listetak på 900 pasientar. Det er behov for legekompetanse i andre allmennlegeoppgåver i kommunale deltidsstillingar. Akkurat nå er det behov for skulelege i 10 prosent stilling,

Stryn kommune har 10 fastlegeheimlar og 1 turnuslege. Legetenesta er samla i nybygde lokaler på Stryn helsesenter. Kontoret er godt utstyrt og er bemanna med dyktig hjelpepersonale. Her er gode økonomiske vilkår med «nullavtale» ved at kommunen står ansvarleg for drift av legesenteret og eig utstyret. Du som lege arbeider som sjølvstendig næringsdrivande utan utgifter til drift og med inntekter basert på takster i normaltariffen.

Legetenesta nyttar fagprogrammet Infodoc . Digitale løysingar er etablert for  meldingsutveksling med spesialisthelsetenesta og med pleie/omsorgstenestene. Vi tilbyr også mogliheiten for e-konsultasjon gjennom Helsenorge.no.

Det er lite vaktbelastning for legane ved Stryn legekontor, men det finns gode moglegheiter for vaktauke om dette er ønskjeleg. Måndag til fredag er det organisert daglegevakt ved legekontoret kl. 08.00-16.00. Utanom kontortid deltek legane i Nordfjord legevakt. Denne er lokalisert til sjukehuset på Nordfjordeid, og med Eid kommune som vertskommune. Interkommunal legevakt omfattar 5 kommunar med ca 23 200 innbyggjarar og ca 23-delt vakt. Det er tilstadevakt med  gode fastlønsvilkår. Legevakta er bemanna med kompetente sjukepleiarar.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

Du må ha:

Norsk autorisasjon som lege og gjennomført turnusteneste

God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg

Vere spesialist i allmennmedisin eller avtale om å starte på spesialisering

Du må vere:

Fagleg engasjert og klar til å involvere deg i arbeidsplassen din

God på kommunikasjon og samarbeid

Fleksibel, strukturert og ansvarsbevisst

 

Vi kan tilby:

Triveleg miljø og nybygde lokale frå våren 2017

Faglege utfordringar

Basistilskotet dekker leige av lokale, utstyr og hjelpepersonale.

Administrativ leiar ved legekontoret som syte føre all logistikk og koordinering av ressursar ved kontoret

Løn og vilkår slik det går fram av gjeldande lov- og avtaleverk

Hjelp til å skaffe bustad

Hjelp med kontaktar m.o.t. arbeid for partner

 

Mykje flott natur og opplevingar i nærområdet og i regionen. Sjå bl.a. www.nordfjord.no for å sjå kva kommunen har å by på.

 

Den blir stilt krav om politiattest i tråd med reglane i helsepersonellova.

 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

Del på:

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.08.2019

Tiltreding:

01.09.2019

Arbeidsstad:

Stryn legekontor

Kontaktpersonar:

Alexander Rande

tlf: 57876940

mob: 97040762

Adresse:

Tonningsgata 4 6783 Stryn