Stryn kommune

HR-/Personalsjef

Stryn har om lag 7200 innbyggjarar og ligg i inste delen av Nordfjord. Vi har eit aktivt og utviklingsorientert næringsliv, der både reiseliv og industri er mellom dei fremste i landet på sine område. Stryn kommune har i overkant av 800 tilsette fordelt på 563 årsverk. Kommunen har ein ambisjon om å vere ein attraktiv arbeidsplass med fokus på å rekruttere, utvikle og halde på dei beste medarbeidarane. Stryn kommune vart i 2019 kåra til den 5. beste kommunen i Noreg på kommunebarometeret.

Vår noverande Personalsjef går av med pensjon 31.12.19 og vi søkjer:

HR-/Personalsjef til Stryn kommune

Du som ny HR-/Personalsjef vil få ei nøkkelrolle i å vidareutvikle Stryn kommune som kompetanseorganisasjon i åra som kjem. Du får ein sentral strategisk rolle, inngår i rådmannen si leiargruppe og er ein viktig støttespelar for rådmann, kommunalsjefar og einingsleiarar.

Ansvarsområdet er kommunen sin overordna arbeidsgjevarstrategi og personalpolitikk, samt den operative leiinga av kommunen si personalavdeling.

Personalavdelinga leverer tenester til heile den kommunale organisasjonen. Avdelinga vart oppretta 1. januar 2019. Vi samla då kompetansen som tidlegare var spreidd i sektorane i ei stabsavdeling med 3,8 stillingar. Dette er ein konsekvens av at fagområdet er i utvikling frå tradisjonelt personalarbeid til eit HR-fokus der utvikling av vår viktigaste ressurs, medarbeidarane, blir stadig meir sentralt.

Andre arbeidsoppgåver til personalstaben er å administrere og halde kontakten med tilitsvalde, vernetenesta og lærlingeordninga. HR-/Personalsjefen er også sentral i arbeidet knytt til lønsoppgjer og forhandlingar.

Vi søkjer ein medarbeider som kan utvikle organisasjonen Stryn kommune som tenesteleverandør og vere ein pådrivar i bruk av ny teknologi, samt å ha fokus på organisasjonsutvikling og metode for å nå framtidige mål

 

Arbeidsområde:

  • Leie og vidareutvikle personalstaben. I dette ligg fullt fag-, personal- og økonomiansvar
  • Strategisk planlegging, utvikling og rådgjeving innan HR-/Personalområdet
  • Samarbeid med bedriftshelseteneste
  • Delta i og initiere utviklingsarbeid i kommunen

 Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsgjevarstrategi
  • Organisasjonsutvikling
  • Leiing/leiarutvikling og -oppfølging
  • Kompetanseutvikling og rekruttering
  • Lønspolitikk og lønsforhandlingar
  • HMS og nærværsarbeid
  • Lover, reglar og rutinar innan fagområdet
  • Bistå ved konflikter og arbeid med psykososialt arbeidsmiljø

  

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Utdanning på masternivå relevant for fagområdet. Kandidatar utan master kan bli vurderte om dei har anna relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå og særskilt relevant praktisk erfaring
  • Solid erfaring innan HR-/Personalfunksjon, gjerne frå kommunal eller annan offentleg sektor. Bakgrunn frå strategisk og operativt arbeid innan fagområdet er ønskjeleg
  • Gode relasjonelle ferdigheiter i møte med leiarar, tilsette og tillitsvalde 

Personlege eigenskapar

  • Godt humør og vilje til å delta i å skape ein god arbeidsplass
  • Strategisk og analytisk, men ikkje i så stor grad at det går utover evnen til å iverksette og levere
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Sjølvstendig, drivande og utadvendt men med evne til samarbeid og respekt for at andre kan ha rett
  • Samlande og truverdig som leiar

Vi tilbyr:

  • Spennande leiar- og utviklingsutfordringar
  • Ei strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft i ein organisasjon i utvikling
  • Ein sentral plass i ein organisasjon med dyktige og krevjande medarbeidarar og leiarar
  • Løn etter avtale. Gode pensjonsvilkår og eit til tider hektisk, men ordna arbeidsmiljø

Arbeidsstad kommunehuset. Stillinga rapporterer til rådmann.

  

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

Del på:

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.08.2019

Tiltreding:

01.01.2020

Kontaktpersonar:

Rune Hovde

mob: +47 90640051

Torfinn Moen

tlf: 57874700

mob: 91762607

Adresse:

Tonningsgata 4 6783 Stryn