Stryn kommune

Ledig 100% vikariat - Avdelingsleiar heimesjukepleie, område Stryn

Eining for pleie- og omsorgstenester område Stryn har avdelingar med institusjonsplassar, omsorgsbustadar med heildøgns omsorg i bufellesskap, heimesjukepleie og praktisk bistand i heimen. Eininga er organisert med einingsleiar og avdelingsleiar på kvar avdeling.

Det er ledig vikariat i 100% stilling som avdelingsleiar for heimesjukepleie og praktisk bistand i heimen for perioden 05.11.19 - 27.07.20.

Avdelingsleiar har ansvar for den daglege drifta i avdelinga innan fag og personalressursar. Det ligg berre administrative oppgåver til stillinga og har ordinær arbeidstid (08.00-15.30). Avdelingsleiar er medlem i tildelingsnemnda og er saksbehandlar for saker som vedkjem avdelinga. Det er ca 100 brukarar av tenester i avdelinga.

Einingsleiar for pleie- og omsorgstenester område Stryn er næraste leiar. Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet innan eininga og er med i leiargruppa for pleie- og omsorgstenester i Stryn kommune.

 

Kvalifikasjonar:

  • Norsk offentleg godkjenning som sjukepleiar

  • Vidareutdanning innan leiing og/eller leiarerfaring er ein fordel

Personelg eignaheit vil bli vektlagt.

 

Vi kan tilby:

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø

  • Løn etter avtale

  • Gode pensjonsordningar

 

 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

 


 

Del på:

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.09.2019

Tiltreding:

05.11.2019

Arbeidsstad:

Stryn omsorgssenter

Kontaktpersonar:

Åshild Heggdal

tlf: 57876952

Adresse:

Tonningsgata 4 6783 Stryn